Solide konstruksjonar frå stødige fagfolk

Med eit sterkt renommé for kvalitetsarbeid, leverer ECG stål- og aluminiumskonstruksjonar til ei rekke næringar.

Ved å kombinera erfarne og dyktige fagfolk med moderne og gode produksjonsfasilitetar og ein straumlinjeforma organisasjon, sikrar me effektiv og konkurransedyktig gjennomføring – anten du har behov for ferdige konstruksjonar eller treng kompetansen til våre fagfolk inn i ditt prosjekt.

ECG har sitt utspring i Hellesøy verft, ei tradisjonsrikt verksemd ved Hardangerfjorden med ei solid merittliste innan skipsbygging som går heilt tilbake til 1945. Denne verftstradisjonen og erfaringa dannar grunnlaget for dei siste års omstilling, der aktiviteten vår har dreidd over til produksjon av stål- og aluminiumskonstruksjonar til bruk på land og til sjøs.

Me har òg med oss spisskompetanse og erfaring frå Rosendal Marineservice, eit selskap som spesialiserte seg på design, bygging og service av kompakte arbeidsbåtar med stor løfte- og lastekapasitet. Serviceaktivitetane deira blir no vidareførte som ein del av våre vedlikehalds- og modifikasjonstenester.

ECG har hovudkontor og -produksjon på Årsnes industriområde i Kvinnherad, i tillegg til lager, produksjonshallar og djupvasskai på det gamle verftsområdet på Løfallstrand. Ved utgangen av 2023 talde verksemda 58 tilsette. Elite Construction Group har i dag desse sertifiseringane:

Historie

På Stykkje, på garden Sætre, byrja Thorvald Hellesøy å bygge båtar i 1945. Sidan har familien Hellesøy fortsett med nettopp det. Etter krigen mangla det meste. Men, ikkje trematerialar! Skogane i Kvinnherad og Hardanger var eit ypperleg varelager! Dei første åra var prega av nokre nybygg og ein god del reparasjonar av den krigstrøytte fiskeflåta.

1945

Bygg 1: Eva

Båttype: Fiskebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Oscar Kammetun, Askvoll
Lengde: 26 fot
Skrogtype: Tre, frå Herand i Jondal

1960 markerte eit vendepunkt for båtbyggeriet. På fem år etter 1960 leverte Hellesøy sju skøyter, frå 56 til 90 fot. Seks av skøytene gjekk til Sverige og ei til Irland. Hellesøy hadde ca. 20 mann i arbeid i perioden.

1967

Bygg 61: Ny Trofast

Båttype: Fiskebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Emil Wellman, Reipå
Lengde: 54 fot
Skrogtype: Tre, frå Herand i Jondal

Bygg 88: Green Eagle

Båttype: Trålar
Reiarlag/sluttbrukar: Patrick O’Driscoll, Irland
Lengde: 74 fot
Skrogtype: Tre, bygd på Løfallstrand

1972
1973
Bilete av linebåten Odd Gjendem

Bygg 89: Odd Gjendem

Båttype: Linebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Einar & Jostein Gjendem, Vigra
Lengde: 95 fot
Skrogtype: Stål, bygd på Løfallstrand

Etter at trebåt-marknaden dovna vekk tok Hellesøy steget over til å bygge stålskrog. Bygg nr 89, «Odd Gjendem» blei den første av i alt seks linebåtar i stål, frå 80 til 110 fot. Desse blei bygde i hallen på Løfallstrand. Etter kvart vart hallen for liten, ut frå det faktum at marknaden stadig ønska større fartøy. Dermed blei bygg nr 94, «Arne Tiselius», siste stålskroget bygd i lokala på Løfallstrand. Den blei levert som forskingsbåt til Kungliga Svenska Vetenskapsakademien i Sverige.

1981
Bilde av lastebåten Lysholmen

Bygg 104: Lysholmen

Båttype: Lastebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Lys-Line, Oslo
Lengde: 78,5 meter
Skrogtype: Stål. Bygd i hallen på Årsnes

Bygg 105: Polar King

Båttype: Seismikkskip
Reiarlag/sluttbrukar: Rieber Shipping, Bergen
Lengde: 69 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Salthammar på Vestnes

1982
1982

Bygg 106: Hardangerfjord

Båttype: Godsrutebåt
Reiarlag/sluttbrukar: HSD, Bergen
Lengde: 52 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Hellesøy på Årsnes

Bygg 107: Jagima

Båttype: Standby Safety Vessel
Reiarlag/sluttbrukar: Jahre, Sandefjord
Lengde: 40 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Salthammar på Vestnes

1983
1991

Bygg 121: Ann Mari

Båttype: Containerskip
Reiarlag/sluttbrukar: A.B. Lillgaard, Ålesund
Lengde: 114,3 meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjord Skipsindustri

Bygg 122: Seisquest

Båttype: Seismikkskip
Reiarlag/sluttbrukar: E. Forland, Bergen
Lengde: 83,2 meter
Skrogtype: Stål, frå Waterhuizen Holland

1992
1994

Bygg 127: Veronica

Båttype: Frysetråler
Reiarlag/sluttbrukar: Kevin McHugh, Irland
Lengde: 91,3 meter
Skrogtype: Stål, frå Sterkoder i Kristiansund

Bygg 134: Olympic Poseidon

Båttype: AH-Tug Supply Vessel
Reiarlag/sluttbrukar: Olympic Shipping, Fosnavåg
Lengde: 79,8 meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjordeid Skipsindustri

1998
1999

Bygg 135: Northern Admiral

Båttype: Multifunc. Tug Supply
Reiarlag/sluttbrukar: Trico Supply, Fosnavåg
Lengde: 83,3 m meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjordeid Skipsindustri

Bygg 151: Ligrunn

Båttype: Ringnotbåt/trålar
Reiarlag/sluttbrukar: Liegruppen fiskeri, Straume
Lengde: 64 m meter
Skrogtype: Stål, frå Litauen

2013
2014

Bygg 152: Siem Symphony

Båttype: PSV DF (LNG)
Reiarlag/sluttbrukar: Siem Offshore, Kristiansand
Lengde: 89,2 m meter
Skrogtype: Stål, frå Polen

Bygg 153: Taresund

Båttype: Taretrålar
Reiarlag/sluttbrukar: FMC BioPolymer , Vormedal
Lengde: 17,1 m meter
Skrogtype: Stål, frå Tyrkia

2017

Hellesøy sin leveranse nr. 155 er en ny og viktig milepåle. Her presenterer Hellesøy sitt eige design, og attpåtil med heilelektrisk framdriftsmaskineri. Hellesøy demonstrerer på nytt omstillingsevne og vilje til å skreddarsy produkt i tråd med kundens behov.

2021

Bygg 155: Hovedøya II

Båttype: Elektrisk driftsbåt
Reiarlag/sluttbrukar: Bymiljøetaten, Oslo kommune
Lengde: 20 meter
Skrogtype: Stål, frå Haugesund